Informasjon om fritak fra vurdering med karakter

Last ned som pdf: Informasjon om fritak for vurdering med karakter

Informasjon om fritak fra vurdering med karakter

Noen elever i grunnskolen har rett til fritak fra vurdering med karakter. Fritak fra vurdering med
karakter betyr ikke fritak fra undervisning i faget eller deler av faget. Elevene skal følge
undervisningen og få en vurdering, men en annen form for vurdering enn tallkarakter.
Reglene for fritak fra vurdering med karakter står i forskrift til opplæringsloven kap. 3: Individuell
vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, § 3-20 – 3-24.

Fritak pga. spesialundervisning i fag (§ 3-20)

Reglene sier at for elever med spesialundervisning/IOP er det foreldrene som avgjør om eleven skal
ha vurdering med eller uten karakter. I fag der det gis både skriftlige og muntlige karakterer, kan
foreldrene velge om eleven skal ha bare skriftlig eller bare muntlig karakter i faget. De som velger å
ha karakter i norsk skriftlig, kan velge karakter i den ene eller begge målformene. Valgretten til
fritak fra vurdering med karakter gjelder kun i de fagene eleven har spesialundervisning i, jfr.
enkeltvedtaket.

Fritak for minoritetsspråklige elever (§ 3-21)

Minoritetsspråklige elever som begynner opplæringa i Norge siste halvdel av et opplæringsår, er
fritatt fra vurdering med karakterer i fag dette opplæringsåret dersom foreldrene ber om det.

Fritak i skriftlig sidemål (§ 3-22)

Mulighet for fritak fra vurdering med karakter i skriftlig sidemål gjelder for:
– Elever som på 8., 9. eller 10. årstrinn har hatt rett til særskilt språkopplæring, jfr. opplæringsloven
§ 2-8
– Elever som har enkeltvedtak og opplæring etter IOP i skriftlig sidemål
– Elever som på grunn av sykdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av en sakkyndig og
som vil ha vansker med å klare begge målformene
– Elever som ikke har gjennomgått ungdomstrinnet på norsk grunnskole

Fritak i kroppsøving (§ 3-23)

Elever som ikke kan følge opplæringa i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagt opplæring. Når den
tilrettelagte opplæringa ikke kan vurderes med karakter, kan eleven få fritak fra vurdering med
karakter.

Fritak fra eksamen (§ 3-24)

Når det gjelder fritak fra eksamen gjelder § 3-24:
Elever som er fritatt fra vurdering med karakter i fag som blir avsluttet med eksamen, skal ikke
delta i eksamen i faget.

Foreldre må skriftlig be om fritak fra vurdering med karakter.

Videregående skole

I videregående skole er det i utgangspunktet ikke mulig for elever som har spesialundervisning å få
fritak fra vurdering med karakter. Unntaket er for sidemål og kroppsøving. Forskrift til
opplæringsloven § 4-35 gir muligheter til å søke unntak fra vilkårene for å få vitnemål som gir
yrkeskompetanse for elever som har fulgt opplæringa men ikke fått bestått i inntil to av
fellesfagene. Men dette gis kun i særskilte tilfeller.

Konsekvenser for poengberegning ved innsøking til videregående skole

Når elever skal søke videregående skole, regnes det et gjennomsnitt av karakterene. Dette
gjøres også for de elevene som har fritak fra vurdering med karakter. I disse tilfellene regner
man gjennomsnitt ut fra de karakterene eleven faktisk har, og deler på antallet karakterer.
Fritak fra vurdering med karakter i fag vil derfor ikke gå ut over gjennomsnittet til eleven.
Dette er hjemlet i forskrift til opplæringsloven § 6-21 d.
På karakterutskrift og vitnemål vil det stå Fritatt i de fagene man har fritak fra vurdering med
karakter.
Dersom eleven ikke har fritak fra vurdering med karakter, og lærer ikke har grunnlag til å
sette en karakter, vil eleven få IV (ikke vurderingsgrunnlag) på karakterutskift/vitnemålet. I
disse tilfellene vil denne karakteren regnes med når man finner gjennomsnitt av
karakterene. Snittet vil dermed bli lavere, da IV gir 0 poeng.

Med vennlig hilsen
Vigdis Vatne
Rektor


Forskrift til opplæringsloven
§ 3-20. Fritak frå vurdering med karakter for elevar med individuell opplæringsplan

Når ein elev i grunnskolen får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra om eleven
skal ha vurdering med eller utan karakter. I fag der det både gis skriftlege og munnlege karakter,
kan foreldra også velje om eleven skal ha berre skriftleg eller munnleg karakter i faget. Dei som vel
karakter i norsk skriftleg, kan velje karakter i den eine eller begge målformene. Valretten gjeld berre
i fag som er omfatta av enkeltvedtaket om spesialundervisning.
Skoleeigaren skal sørgje for at eleven og foreldra i grunnskolen får nødvendig rettleiing om kva val
av vurdering utan og med karakter inneber for eleven.
Elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje få fritak frå vurdering med karakter sjølv om dei har
individuell opplæringsplan i eit fag.

§ 3-21. Fritak frå vurdering med karakter for minoritetsspråklege elevar som nyleg har kome
til Noreg

Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som begynner opplæringa i Noreg i siste halvdel av eit
opplæringsår, er fritekne frå vurdering med karakterar i fag dette opplæringsåret, dersom foreldra
ber om det. Dette gjeld både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering.
Elevar i grunnskolen som har eit enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova §
2-8, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i eit innføringstilbod, kan
fritakast frå vurdering med karakter i heile perioden han eller ho er i innføringstilbodet. Eleven kan
fritakast frå både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering.
Elevar i vidaregåande opplæring som har eit enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter
opplæringslova § 3-12, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i eit
innføringstilbod, kan fritakast frå vurdering med karakter i halvårsvurderinga i heile perioden han
eller ho er i innføringstilbodet. Eleven kan ikkje fritakast frå krava til standpunktvurdering.
Skoleeigaren skal syte for at eleven og foreldra får nødvendig rettleiing om kva valet av vurdering
utan og med karakter inneber for eleven.

§ 3-22. Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål

Elevar som har hatt rett til særskild språkopplæring på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på
Vg1, Vg2 eller Vg3 i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg
sidemål.
Når ein elev i grunnskolen og vidaregåande opplæring får opplæring etter individuell
opplæringsplan, avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter i
skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar
skriftleg sidemål.
Elevar i heile grunnopplæringa og privatistar i vidaregåande opplæring har også rett til fritak frå
vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei:
a) på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem
med å greie begge målforma
b) ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskole
c) fylte vilkåra for fritak frå opplæring eller vurdering i skriftleg sidemål i grunnskolen, men på
grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak.
Skoleeigaren skal stryke standpunktkarakter eller eksamenskarakter i skriftleg sidemål dersom en
elev eller privatist som har fått innvilga fritak frå vurdering med karakter etter denne føresegna,
likevel har fått vurdering i skriftleg sidemål.

§ 3-23. Fritak frå vurdering med karakter i faget kroppsøving i grunnskolen og i
vidaregåande opplæring

Elevar som ikkje kan følgje opplæringa i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagd opplæring så langt
dette er mogleg for eleven. Elevar kan få fritak frå vurdering med karakter i faget når den
tilrettelagde opplæringa eleven får ikkje kan vurderast med karakter. Avgjerda er eit enkeltvedtak.

§ 3-24. Fritak frå eksamen

Elevar som er fritekne for vurdering med karakter i fag som blir avslutta med eksamen, skal ikkje
delta i eksamen i faget.
I grunnskolen kan rektor sjølv etter søknad frå foreldra frita elevar frå eksamen, når det ligg føre
tungtvegande grunnar.

§ 4-35. Unntak for deltakarar frå vilkåra for å få vitnemål i yrkesfaglege utdanningsprogram

Deltakarar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har følgt opplæringa, men ikkje bestått i inntil to
av fellesfaga som inngår i fag- og timefordelinga for opplæringa, kan likevel i særskilde tilfelle få
utferda vitnemål som gir yrkeskompetanse, men ikkje vitnemål som gir generell studiekompetanse.
Samtykke til slikt unntak kan bli gitt etter søknad når deltakaren:
a) har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i grunnskolen
b) har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i den vidaregåande skolen
c) har spesifikke lærevanskar, t.d. store lese- og skrivevanskar eller store matematikkvanskar. Slike
vanskar kan også vurderast etter at standpunktkarakteren er sett eller eksamenen
har vore gjennomført.
I dei yrkesfaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda
vitnemål, kan det ikkje gjerast unntak i strid med slike sertifiseringsføresegner.
Før søknader om unntak kan bli behandla, skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra er
oppfylte. Dokumentasjonen må vere av nyare dato. Før søknader om unntak etter første ledd
bokstav c bli behandla, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering. Den pedagogisk-psykologiske
tenesta skal sørgje for å få utarbeidd slik vurdering.
Skoleeigaren avgjer søknad om unntak i samsvar med vilkåra. Deltakaren kan ikkje få
førehandstilsegn om unntak etter denne paragrafen.

§ 6-21. Utrekning av poeng

Ved utrekning av poengsum skal alle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar i faga leggjast til
grunn.
Ved omrekning til poeng i dei faga som skal leggjast til grunn, følgjer ein denne framgangsmåten:
a) Kvar av talkarakterane frå grunnskolen får tilsvarande poengverdi og skal telje med sine
respektive talverdiar. Samla poeng for karakterar blir eit utrekna gjennomsnitt
(med to desimalar) multiplisert med 10.
b) I valfag skal det reknast ut eit gjennomsnitt av dei standpunktkarakterane eleven har fått på
ungdomstrinnet. Gjennomsnittskarakteren skal førast med to desimalar.
c) I fag der det er fastsett i læreplanen for faget at sluttvurderingsuttrykket er «delteke» eller
«bestått» eller at læreplanen ikkje inneheld vurderingsuttrykk, skal ikkje faget
reknast med i poenga til søkjaren.
d) Dersom eleven er friteken frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller er friteken frå vurdering
med karakter etter § 3-20 til § 3-24, skal sluttvurderinga som søkjaren er friteken
frå, ikkje reknast med i poenga til søkjaren.
e) For søkjarar som har «Ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) eller «Ikkje møtt til eksamen» (IM) som
sluttvurdering i fag eller eksamen, skal dette vere med i utrekninga som nullverdi.
For søkjarar som har vitnemål frå grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4-33, skal poeng reknast
ut etter første ledd og andre ledd bokstav a. For vaksne som er fritekne frå opplæring etter § 1-11
eller § 1-12, eller fritekne frå vurdering med karakter etter § 4-14, § 4-15 eller § 4-17, skal
sluttvurderinga som den vaksne er friteken frå, ikkje reknast med i poengutrekninga. Om søkjaren
har fått godkjent eit eller fleire fag gjennom ei realkompetansevurdering, skal ikkje dette reknast
med i poenga til søkjaren. Om søkjaren er realkompetansevurdert i meir enn halvparten av faga,
skal han eller ho takast inn til Vg1 etter § 6-24.